«Come Saturday Morning» er ein popsong med musikk av Fred Karlin og tekst av Dory Previn, gjeven ut i 1970. Han vart først spelt inn av The Sandpipers i filmen The Sterile Cuckoo frå 1969 med Liza Minnelli, og vart nominert til Oscarprisen for beste originale song.
Innspelinga til The Sandpipers nådde 17. plassen på Billboard Hot 100 i 1970, og 8. plass på Billboard's Easy Listening liste, der han låg inne i 24 veker. The Sandpipers gav òg ut songen på albumet deira Come Saturday Morning i 1970, og det same gjorde Minnelli i 1969 på albumet hennar Come Saturday Morning.
Andre innspelingar: Chet Baker (i 1970 på albumet Blood, Chet and Tears) Tony Bennett (i 1970 på albumet Tony Bennett's Something) Patti Page (i 1970 for Columbia Records på albumet Honey Come Back) Scott Walker (i 1972 på albumet The Moviegoer)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Come Saturday Morning (song)» frå , den 3. mai 2014.
Kategori:Songar med musikk av Fred Karlin Kategori:Songar med tekst av Dory Previn Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Scott Walker-songar Kategori:The Sandpipers-songar Kategori:Chet Baker-songar Kategori:Tony Bennett-songar Kategori:Patti Page-songar