Khabab (arabisk خبب, syrisk ܟܚܐܒܐܒ, Khababb) er ein by sør i Syria på Hauransletta, ein del av Daraa guvernement, 57 km sør for Damaskus og kring same avstanden frå byen Daraa.

Det gamle namnet på byen er Abiba i dei gamle syrisk språka arameisk og assyrisk, og tyder ei «slette med grønt gras».

Historie I 1596 var Khabab oppført i osmanske skattelister som Habab og var ein del av Bani Kilab nahiya i Hauran qada. Han hadde ein muslimsk folkesetnad som bestod av 45 hushaldningar og 30 ungkarar, og nokre kristne, 3 hushaldningar og 2 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 209.

Klima

Vêret i Khabab er det same som i det sørlege Syria, med nokre få kuldebølgjer om vinteren og relativt steikande somrar.

Årsmiddelnedbøren er kring 250 mm og temperaturen varierer frå ned mot -4 ºC om vinteren til opp mot 38 ºC om sommaren.

Demografi Innbyggjartalet i byen er 8 000-10 000 og kring 40 000 personar i verda, utanfor Syria, kjem opphavleg frå landsbyen, spreidd mellom Frankrike, USA, Canada, Brasil, og Australia og fleire arabiske land.

Fleire innbyggjarar i Khabab er kristne og følgjer den melkittiske kyrkja (bysantinsk).

Det er fire kyrkjer i Khabab: St. Maria-katedralen, St. Rita-basilikaen, St. Elliot-basilikaen og St. Mikael-basilikaen. St. Mikael er eldgamel og falleferdig.

Økonomi Hovudnæringa i Khabab er jordbruk. I seinare år har jordbruket gått dårlegare på grunn av lengre tørkeperiodar som har gjeve dårlegare avlingar, fleire har byrja å jobbe i andre sektorar og ungdommen flyttar til dei større byane.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Khabab» frå , den 5. juli 2014. oppgav desse kjeldene:

khabab.net khabab.com Come to Syria

Kategori:Busetnader i Al-Sanamayn-distriktet Kategori:Landsbyar i Syria