«The Black Page» er eit musikkstykke skrive av den amerikanske komponisten Frank Zappa som er kjent for å vere eksepsjonelt vanskeleg å spele. Det vart opphavleg skrive for trommer og melodisk perkusjon, og vart sidan arrangert i fleire forskjellige versjonar, mellom anna ein disco «easy teenage New York version» og ein såkalla new age-versjon. Tittelen på stykket (som tyder ‘den svarte sida’) kjem av at notearket er så fullt av notar at det vert heilt «svart».
Trommeslagaren Terry Bozzio sa om stykket
På det doble konsertalbumet Zappa in New York (spelt inn i 12/1976, og gjeve ut 3/1978), omtalte Zappa den «statistiske tettleiken» til stykket. Det er skrive i 4/4-takt med omfattande bruk av tuplettar, inkludert tuplettar inni tuplettar. Fleire stader er det ein fjerdedelsnote triplett (sjettedelsnote) der kvart slag vert tald med sin eigen tuplett på 5, 5 og 6. Ein annan stad finst halvnote-triplett (tredjedels note) der det andre slaget er ein rubato kvintuplett (i røynda ein tuplett av 7), og det tredje slaget er delt inn i tuplettar på 4 og 5. Songen endar med ein fjerdedels tuplett som består av tuplettar av 5, 5 og 6, etterfølgd av to tuplettar av 11 i løpet av ein.
Den australske trommeslagaren Chris Quinlan forklarte og demonstrerte polyrytmar, nøsta polyrytmar (kvintuplettar og sekstuplettar inni ein 3:2 polyrytme), polymeter (5/4-frasar spelt over ein 4/4-takt) og strukturen til «The Black Page» i fjernsynsshowet Melbourne Musos i 1999.
I 2001 gav Terry Bozzio og Chad Wackerman ut videoen Solos and Duets, der dei spelar «The Black Page» som ein duett. Begge hadde spelt stykket tidlegare som trommeslagarar for Frank Zappa. Ein transkripsjon av stykket rulla nedst på skjermen medan dei spelte.
I 2006 vart «The Black Page» framført på Zappa Plays Zappa - Tour de Frank, eit ambisiøst prosjekt av Dweezil Zappa om å føre musikken til Zappa attende til scenen, spelt av han sjølv og eit nytt band.
I 2010 vart «The Black Page» framført av den unge britiske perkusjonisten Lucy Landymore i perkusjonsfinalen av BBC Young Musician of the Year, som ho vann.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Black Page» frå , den 5. juli 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Analyse av dei uvanlege rytmane til Zappa, inkludert somme transkripsjonar og MIDI-innspelingar av «The Black Page» Intervju med Vinnie Colaiuta for Modern Drummer , inkludert ei skildring av prøvespelinga hans for Zappa , eit utdrag frå 'Zappa Plays Zappa'-turneen. Den australske trommeslagaren Chris Quinlan spelar og forklarer «The Black Page» på Melbourne Musos i 1999.
Kategori:Frank Zappa-songar Kategori:Songar frå 1978