Ilmenorutil er ein svart, metallisk variant av mineralet rutil som finst på einskilde granittpegmatittar i strøket Risør–Arendal og Iveland–Evje. Òg kjent frå ein smaragdførekomst ved Byrud ved Minnesund. Den kjemiske samansetjinga svarar til eit niob- og jernhaldig rutil (Ti,Nb,Fe)3O6.

Det er kalla opp etter Ilmenfjella i Russland og rutil.

Kjelder Ilmenorutil. (2012, 8. november). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/ilmenorutil.

Kategori:Titanmineral Kategori:Niobmineral Kategori:Jernmineral