mini|Dei metamorfe bergartene hornfels (brun). og marmor (svart), omdanna frå høvesvis sandstein/leirstein og kalkstein. Desse er danna ved kontaktmetamorfose. Frå Hurum i Buskerud.

Ein metamorf bergart eller omdanna bergart blir danna når ein eller fleire bergartar blir utsett for høgt trykk, temperatur og/eller kjemisk påverknad. Bergartar som går gjennom metamorfose blir ikkje smelta, men blir omstrukturert (omdanna) og mineralene blir heilt eller delvis omkrystalliserte. Metamorfe bergartar har ofte eit stripete (foliasjon) eller bølgete mønster, og er sjeldan heilt homogene i struktur eller mønster.

Nokre metamorfe bergartar Gneis, danna ved høg grad metamorfose. Som protolitt kan han mellom anna ha leirskifer eller fyllitt. Kleberstein, danna av hovudsakleg gabbro, basalt eller diabas. Kvartsitt, danna av hovudsakleg sandstein. Hornfels, danna av sandstein eller leirstein. Fyllitt og glimmerskifer, danna av hovudsakleg leirskifer. Marmor, danna av hovudsakleg kalkstein.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Metamorf bergart» frå , den 29. november 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Bergartar