Gan HaShlosha nasjonalpark (hebraisk גן השלושה, tyder: «Parken til dei tre»), òg kalla Sahne (arabisk الساخنة, tyder «Den varme (kjelda)»), er ein nasjonalpark i Israel. Han ligg nær Beit She'an og har naturleg varmt vatn som ein kan symje i året rundt.

mini|venstre|Basseng i Gan HaShlosha

Kjelda spring fram i vestlege delar av parken, og held ein temperatur på 28 ºC året rundt. Amalelva som kryssar parken, er blitt utvida til fleire basseng.Gan HaShlosha nasjonalpark

Ei gammal vassmølle er restaurert på staden . Ein modell av Tel Amal, ein gammal busetnader sett opp av jødiske pionerar natt til 10. desember 1936 etter britane la ned forbod mot jødiske busetnader, finst i parken.

Museum for regional og Middelhavsarkeologi ligg i parken.Olympics for Peace

Sjå òg Turisme i Israel Nasjonalparkar i Israel Nir David

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gan HaShlosha National Park» frå , den 1. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Nasjonalparkar i Israel Kategori:Vasskjelder i Israel Kategori:Verneområde i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Museum i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:Arkeologiske museum i Israel