Aviezer (hebraisk skrift אֲבִיעֶזֶר) er ein liten religiøs moshav sentralt i Israel. Han ligg ni kilometer sørvest for Beit Shemesh i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 742.

Moshaven vart grunnlagd den 8. april 1958 av emigrantar frå Iran og Kochi, og vart først kalla Adulam 9. Han vart seinare kalla opp etter Aviezer Zigmond Gestetner, ein tidlegare direktør i Jewish National Fund i Storbritannia.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aviezer» frå , den 12. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Iransk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1958 Kategori:Religiøse israelske samfunn Kategori:1958 i Israel Kategori:Busetnader i Jerusalem distrikt