Love Over Gold er det fjerde studioalbumet til det britiske rockebandet Dire Straits, gjeve ut den 20. september 1982 av Vertigo Records internasjonalt og av Warner Bros. Records i USA. Det vart gjeve ut to singlar frå albumet: «Private Investigations», som nådde andreplassen på UK Singles Chart og «Industrial Disease», som nådde niandeplassen på Billboard si Hot Mainstream Rock Tracks-lista i USA. Albumet nådde toppen av albumlista i Australia, Austerrike, Italia, New Zealand, Noreg og Storbritannia, og 19. plassen i USA. Love Over Gold selde til gullplate i USA, platina i Frankrike og Tyskland og dobbel platina i Canada i Storbritannia.

Bakgrunn Etter slutten av On Location-turnéen den 6. juli 1981 i Luxembourg, byrja Mark Knopfler å skrive songar for det neste Dire Straits-albumet. Alan Clark (klaverinstrument) og Hal Lindes (gitar), kom med i bandet for On Location-turneen og vart òg involvert i det nye albumet.

Innspeling Love Over Gold vart spelt inn i Power Station i New York frå 8. mars til 11. juni 1982. Knopfler produserte albumet, med Neil Dorfsman som lydteknikar—det første i ei lang rekkje samarbeid mellom dei to.

Knopfler brukte fleire gitarar under innspelingane, inkludert fire Schecter Stratocasterar — to raude, ein blå og ein solgul—ein svart Schecter Telecaster, ein Ovation klassisk gitar på «Private Investigations» og «Love Over Gold», ein spesiallaga Erlewine Automatic på «Industrial Disease», og hans National steelgitar frå 1937 på «Telegraph Road».

Fleire songar vart skrivne og spelt inn under Love Over Gold som ikkje kom med på albumet. «Private Dancer» var opphavleg planlagt for albumet og alt utanom vokalsporet vart spelt inn. Knopfler meinte at ei kvinnestemme ville passe betre og gav songen til Tina Turner for comeback-albumet hennar, Private Dancer.Official Community of Mark Knopfler Henta 20. oktober 2014 «The Way It Always Starts» enda opp som ein song på filmmusikkalbumet til Knopfler for filmen Local Hero, med vokal sungen av Gerry Rafferty. «Badges, Posters, Stickers and T-Shirts» vart teken bort frå albumet og seinare gjeven ut i Storbritannia som B-sida til «Private Investigations». Han vart sidan gjeven ut i USA som det fjerde sporet på ExtendedancEPlay EP.

Utgjevingar Love Over Gold kom ut 20. september 1982 på vinyl LP og kassett. «Private Investigations» vart gjeven ut som den første singelen frå albumet i Europa. Han nådde andreplassen i Storbritannia. «Industrial Disease» vart gjeven ut som singel i USA og nådde 75. plassen på Billboard Hot 100 i 1983.

Albumet vart remastra og gjeven ut i lag med resten av Dire Straits-katalogen i 1996 av Vertigo Records internasjonalt og i 2000 av Warner Bros. i USA. Den remastra CDen hadde eit litt anna plateomslag, med albumtittelen under bandnamnet, begge i litt støre font, i staden for arrangert over toppen av omslaget. Bilete av lynet er noko zooma inn og gjort lysare, slik at det vert meir rosa. Det er det einaste av dei remastra platene til Dire Straits som har eit endra omslag.

Platemeldingar

I meldinga si for AllMusic gav Stephen Thomas Erlewine albumet fire av fem stjerner, og skreiv at med ein ny rytmegitarist «utvida lydbiletet og ambisjonane». Erlewine la til «Sidan Mark Knopfler er ein dugande, smakfull gitarist, held han på interessa sjølv på dei slappe strekka, men dei lange, atmosfæriske instrumentalpartia er ikkje like effektive som den tighte blueserocken til gruppa, og gjer at Love Over Gold berre er passe engasjerande å lytte til».

I meldinga si for Rolling Stone gav David Fricke albumet fire av fem stjerner og kalla albumet eit «uttalt føremål» og «ei ambisiøs, noko vanskeleg plate som er spanande i sin suksess og, i det minste, fascinerande i nytinga si». Fricke sa vidare:

Fricke hylla hovudverket på albumet, «Telegraph Road», som han skildra som ei «utfordring for den vanlege popfansen si merksemdsvidde» med sine «historiske sveip og intime spaning». Temaet om å byggje Amerika og knusinga av draumane til ein mann «gjer at Knopfler kan nytte fleire overraskande instrumentale stemmer, frå den synthesizer-fløyta i soloppgangen i byrjinga til barokkmotivet på pianoet i midten». Fricke konkluderte med at «i ei tid då det meste av popmusikken vert reint oppfatta som eit produkt, vågar Love Over Gold å setje kunst føre speletid».

I 1986 hadde Love Over Gold selde 4,4 millionar eksemplar i Europa, medan det samstundes berre hadde seld til gullplate i USA.

Innhald

Medverkande Dire Straits Mark Knopfler – vokal, gitar Hal Lindes – gitar Alan Clark – klaverinstrument John Illsley – bass Pick Withers – trommer

Andre musikarar Mike Mainieri – Vibrafon, marimba (2,4) Ed Walsh – synthesizer program

Produksjon Mark Knopfler – produsent Neil Dorfsman – lydteknikar Barry Bongiovi – assisterande lydteknikar Bob Ludwig – mastering Michae Rowe – plateomslag Alan Lobel – fotografi Peter Cunningham – fotografi

Lister og salstrofé

Album Love Over Gold låg 200 veker inne på UK Album Chart. I Australia var albumet det 12. bestseljadne albumet i 1982, og det sjettebestseljande i 1983. I Noreg låg albumet 19 veker på Topp 40.

Liste (1982–83)PlasseringAustralia1Austerrike1Italia1New Zealand1Noreg1Sverige2UK Album Chart1US Billboard 20019

Singlar År Song PlasseringUS Hot 100US RockAustraliaItaliaSverigeUK1982 «Private Investigations»––192842«Industrial Disease»–9–––– 198375–––––

Salstrofé OrganisasjonNivåDatoBPI – UKSølv27 September 1982BPI – UKGull27. september 1982CRIA – CanadaGull1. november 1982CRIA – CanadaPlatina1. november 1982BPI – UKPlatina15. november 1982IFPI – TysklandGull1982SNEP – FrankrikePlatina1984BPI – UKDobbel platina5 August 1985CRIA – CanadaDobbel platina12. november 1985RIAA – USAGull1. april 1986IFPI – TysklandPlatina1987IFPI – FinlandPlatina1982

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Love over Gold» frå , den 20. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Love Over Gold på den offisielle heimesida til Mark Knopfler

Kategori:Musikkalbum frå 1982 Kategori:Album produserte av Mark Knopfler Kategori:Dire Straits-album Kategori:Vertigo Records-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Nummer-ein-album i Australia Kategori:Nummer-ein-album i Austerrike Kategori:Nummer-ein-album i Italia Kategori:Nummer-ein-album i New Zealand Kategori:Nummer-ein-album i Storbritannia