Spice Girls var ei britisk jentegruppe skipa i 1994. Bandet spelte dansepop og hadde fem medlemmar, kvar med sitt kallenamn: Melanie Brown («Scary Spice»), Melanie Chisholm («Sporty Spice»), Emma Bunton («Baby Spice»), Geri Halliwell («Ginger Spice»), og Victoria Beckham («Posh Spice»). Spice Girls skreiv kontrakt med plateselskapet Virgin Records og gav ut debutsingelen «Wannabe» i 1996. Singelen nådde førsteplassen på topplistene i meir enn 30 land og bidrog til å etablere gruppa som eit globalt fenomen. Debutalbumet deira, Spice, blei selt i meir enn 30 millionar eksemplar i heile verda, og var det bestseljande albumet av ei kvinneleg gruppe i musikkhistoria. Det andre albumet deira, Spiceworld, blei selt i meir enn 20 millionar eksemplar. Totalt har dei selt over 100 millionar plater i heile verda, noko som gjer dei til den mestseljande kvinnelege musikkgruppa nokon sinne, ei av dei mestseljande popgruppene nokon sinne, og det største britiske pop-fenomenet sidan Beatlemania.
Diskografi Spice (1996) Spiceworld (1997) Forever (2000) Spice Girls: Greatest Hits (2007)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Spice Girls» frå , den 25. oktober 2014.
oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Den offisielle nettsida til Spice Girls
Kategori:Britiske popgrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1994 Kategori:Musikkgrupper oppløyste i 2000 Kategori:Musikkgrupper oppløyste i 2008 Kategori:Ivor Novello-prisvinnarar Kategori:Juno-vinnarar Kategori:Brit Award-vinnarar Kategori:Dansepop Kategori:Spice Girls