Hatzor HaGlilit (hebraisk חָצוֹר הַגְּלִילִית) er ein by nord i Israel nær Rosh Pina og Safed. I 2008 hadde Hatzor HaGlilhadde eit folketal på 8 700. Han er kalla opp etter den nærliggande bibelske staden Tel Hazor.
Historie Hatzor var ein kanaanittsk og seinare israelittisk by som høyrte til Naftali-stamma (Josva 19:36)Han må ikkje forvekslast med Hazor som høyrte til Juda-stamma (Josva 15:23), og som Hatzor Ashdod vart kalla opp etter. seint i bronse- og tidleg i jernalderen, som vart erobra av den assyriske herskaren Tiglath-Pileser III i 732 fvt. Folkesetnaden vart då deportert medan byen brende til grunnen.Israel Finkelstein, The Bible UnearthedP. James, «The Alleged 'Anchor Point' of 732 BC for the Destruction of Hazor V", AntOr 6 (2008).
Hatzor HaGlilit vart grunnlagd i 1952–1953 som ein transitleir. Den nye leieren låg på landområdet til den avfolka arabiske landsbyen Mughr al-Khayt, 1 km søraust for landsbyen.Khalidi, 1992, p479 Han bestod av to nærliggande transitleirar som først vart kalla «Hatzor A» og Hatzor B», kalla opp etter den bibelske staden Tel Hatzor, og husa emigrantar og flyktningar, hovudsakleg jødar frå Nord-Afrika.
I 1956 fekk Hatzor HaGlilit status som lokal kommune. I 1958 hadde Hatzor HaGlilhadde eit folketal på 4 000 og fekk status som utviklingsby. Dei komande åra fekk byen status som ein tradisjonell jødisk stad og seinare vart det òg oppretta ultraortodokse jødiske bydelar.
I desember 2011 hadde byen i følgje Statistisk sentralbyrå, 8 705 innbyggjarar.
Landemerker Ein av dei mest kjende landemerkene i byen er grava til Honi sirkelmakaren, som låg ved grava til dei to barnebarna Abba Hilkiyah og Hanan HaNihba. I følgje ei jødisk segn hadde Honi HaM'agel krafta til å skape regn gjennom bøn.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hazor HaGelilit» frå , den 6. desember 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Ortodokse jødiske samfunn Kategori:Utviklingsbyar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950-åra Kategori:Lokale kommunar i Nord-distriktet i Israel Kategori:Jødiske pilegrimsstader