mini|Frimerke frå Moldova med Partnarskap for fred som motiv. 400px|mini|
Partnarskap for fred (engelsk Partnership for Peace, PfP) er eit samarbeidsprogram mellom NATO og land som ønskjer å arbeida med eller bli medlemmer av forsvarsalliansen. Partnarskap for fred blei danna i 1994, og har sidan då hatt 30 land som medlemmer. 10 av desse har fått NATO-medlemskap. I 2014 var 22 land som ikkje var med i NATO medlemmer i partnarskapen.
Noverande medlemmer
Tidlegare sovjetrepublikkar (1994) (1994) (1995) (1994) (1994) (1994) (1994) (1994) (2002) (1994) (1994) (1994)
Tidlegare Jugoslavia (2006) (1995) (2006) (2006)
EU-medlemmer (1995) (1994) (1999) (1995-1996; og igjen frå 2008/) (1994)
EFTA-land (December 11, 1996)
Historie
Tolv tidlegare medlemmer av PfP (Albania, Bulgaria, Estland, Kroatia, Latvia, Litauen, Polen, Romania, Slovakia, Slovenia, Tsjekkia og Ungarn) blei seinare medlemmer av NATO. Malta blei medlem 26. april 1995. Det trekte seg 27. oktober 1996 for å halda på nøytraliteten sin. Landet gjekk inn for å bli medlem att 20. mars 2008. NATO-møtet i Bucuresti gjekk med på dette 3. april 2008. Ved NATO-møtet i Riga den 29. november 2006 blei Bosnia og Herzegovina, Montenegro og Serbia inviterte til å bli med i samarbeidet. Dei blei medlemmer 14. desember 2006.
Kjelder
«Partnerskap for fred» (21. august 2014). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 21. februar 2015.
Denne artikkelen bygger på «Partnership for Peace» frå , den 21. februar 2015.
Bakgrunnsstoff The Partnership for Peace programme, nato.int Partnership for Peace Information Management System (PIMS)
Kategori:NATO Kategori:Skipingar i 1994