Gadot (hebraisk skrift , tyder Elvebreidde) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg i Huladalen, og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 381.

Historie Gadot vart grunnlagd i 1949 på staden til den øydelagde moshaven Mishmar HaYarden av Nahal-ungdommar frå HaNoar HaOved VeHaLomed og Holocaust-overlevande. Han vart kalla Gadot fordi han ligg nær breidda av Jordanelva.

I 1950- og 1960-åra vart kibbutzen ofte råka av åtak frå den syriske hæren og vart råka av mange bomber. Den 7. april 1967, då seks syriske MiG-jagarfly vart skotne ned, vart kibbutzen angripe så hardt med artillerield at nesten alle bygningane vart råka. To månader seinare, under seksdagarskrigen, vart kibbutzen igjen bomba og dei fleste bygningane vart ruinerte eller hardt skadde. Under Jom Kippur-krigen vart kibbutzen igjen råka, men til mindre grad.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gadot» frå , den 30. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Kibbutzar Kategori:Kibbutz-rørsla Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel