«Walk Along» er ein singel av Trijntje Oosterhuis, gjeven ut 11. desember 2014. Songen er skriven av Anouk Teeuwe og Tobias Karlsson.

Eurovision

Nederland deltok i den fyrste semifinalen og enda på 14. plass med 33 poeng; sju frå Danmark, seks frå Belgia, fem frå Estland, tre frå Finland, Romania og Spania, to frå Frankrike og Georgia og eitt frå Albania og Makedonia. Bidraget gjekk ikkje vidare til finalen. Hadde ein berre brukt telefonrøyster hadde bidraget enda på 15. plass med 23 poeng, og hadde ein berre brukt juryrøyster hadde bidraget enda på femteplass med 70 poeng.

Fotnotar

Kategori:Singlar frå 2014 Kategori:Nederlandske songar Kategori:Engelskspråklege songar Kategori:Trijntje Oosterhuis-songar Kategori:Songar skrivne av Anouk Teeuwe Kategori:Songar skrivne av Tobias Karlsson Kategori:Eurovision Song Contest 2015-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Nederlandske Eurovision Song Contest-songar