Bengt Edlén () var ein svensk fysikar og astronom.

Han var professor i Lund frå 1944 til 1973 og er kjent for arbeid innan spektroskopi og astrofysikk. Undersøkingane hans i 1941 av linjer i spekteret til solkoronaen, som tidlegare ikkje kunne forklarast, synte at dei stammar frå jern, nikkel og andre grunnstoff i sterkt ionisert tilstand. Etter dette må temperaturen i solkoronaen vere mykje høgare enn ein før hadde meint.

Han bidrog òg til å analysere spekteret til Wolf-Rayet-stjerner.

venstre|mini|Bengt Edlén (høgre) med kong Gustaf VI Adolf.

Han var medlem av Det kongelege svenske vitskapsakademiet i 1947. Bengt Edlén mottok Gullmedaljen til Royal Astronomical Society i 1945 for å ha løyst det såkalla Koronamysteriet, Howard N. Potts-medaljen i 1946 for forskinga innan ekstrem ultrafiolett stråling, og Henry Draper-medaljen frå National Academy of Sciences i 1968.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bengt Edlén» frå , den 18. august 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Svenske astronomar Kategori:Svenske fysikarar Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Royal Astronomical Society sin gullmedalje Kategori:National Academy of Sciences Kategori:Howard N. Potts-medaljen Kategori:Astronomar på 1900-talet