Yad Mordechai (hebraisk skrift יַד מָרְדְּכַי, tyder Mordechai-minnesmerket) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg 10 km sør for Ashkelon og høyrer til Hof Ashkelon regionale kommune. I 2006 hadde han 710 innbyggjarar.
Historie mini|venstre|Yad Mordechai Museum Samfunnet vart grunnlagd i 1930-åra av Hashomer Hatzair-medlemmar frå Polen og i starten organiserte dei sesg sjølv i ein kibbutz kalla Mitzpe Yam nær Netanya, som vart grunnlagd i 1936. Men dei 14 måla med jord som kibbutzen fekk var for lite til å utvikle kibbutzen. Han vart derfor flytta til eit område nær Ashkelon i desember 1943 og den nye busetjinga vart kalla opp etter Mordechai Anielewicz, som døydde i kampane mot nazistane medan han var kommandant i Żydowska Organizacja Bojowa i Ghettoen i Warszawa. Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart kibbutzen angripen av Egypt i slaget ved Yad Mordechai.
Det står ein statue av Anilewicz i kibbutzenYaffe, Richard, Nathan Rapoport: Sculptures and Monuments, Shengold Publishers, New York, 1980., plassert ved sidan av det gamle vasstårnet som er bevart etter at det vart øydelagd av egyptarane.Sixty years of Midtausten division BBC News, 7. mai 2008 Kibbutzen har òg eit museum for Anielewicz og kampane i ghettoen, i tillegg til slaget ved Yad Mordechai.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Yad Mordechai» frå , den 10. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Yad Mordechai Travelnet
Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1943 Kategori:Jødiske landsbyar avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1943 i Palestina