Ain Janna (arabisk عين جنّا) er ein landsby i Ajloun guvernement nordvest i Jordan.

Namnet er arabisk for Paradiskjelda: Ain er ei (vass)kjelde, og Janna er paradis. Han ligg kring 70 km nord for Amman mellom to fjell, med utsyn over Ajlunborga og tre byar. Landsbyen ligg kring 1100 meter over havet, og frå her kan ein mellom anna sjå fjella i Nablus på Vestbreidda (kring 30 km unna).

Ain Janna har kring 10 000 innbyggjarar, dei fleste frå Al-Qudah-stamma.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ain Janna» frå , den 2. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Ajloun guvernement Kategori:Turisme i Jordan