Shamrock Diaries er det sjuande studioalbumet til Chris Rea, gjeve ut i 1985.

Albumet representerer byrjinga på det kreative og kommersielle høgdepunktet til Rea. Shamrock Diaries vart ein bestseljar i Europa og nådde topp 20 i mange land, inkludert Irland, Tyskland, Nederland og Storbritannia. Albumet vart òg ein stor suksess i Australia, der det nådde toppen av albumlista.

Oppsummering Songen «Stainsby Girls» vart skriven som ei hyllest til kona Joan. Denne vart gjeven ut på singel og vart den første singelen hans på topp 30 sidan «Fool (If You Think It's Over)»

Ein av dei mest populære songane på albumet, «Josephine», vart skriven av Rea for dottera med same namn. Rea skreiv seinare ein song den yngste dottera, Jula, på albumet Espresso Logic (1993).

«Josephine» er ein song som Rea har spelt inn fleire gonger. Versjonen på albumet vart sidan på seinare CD-utgåva erstatta av ein «disco»-versjon, som dannar grunnlaget for den seinare versjonen «Josephine (La version Francais)». Den originale LP-versjonen var seinare tilgjengeleg på den franske utgåva av The Best of Chris Rea i 1998. Det finst òg ein versjon spelt inn i 1988 for New Light Through Old Windows, som òg finst på The Best of Chris Rea frå 1994. I tillegg finst det ein meir langsam versjon spelt inn for den amerikanske utgåva av New Light Through Old Windows i 1988, som òg finst på Very Best of Chris Rea frå 2001, men denne er ikkje den same som vart nytta i den originale videoen frå 1985. Til slutt finst det nok ein versjon som vart gjeve ut på den tyske versjonen av Fool (If You Think It's Over) - The Definitive Greatest Hits.

«Josephine» vart òg sampla i 2000 av Superfunk for songen deira «Lucky Star», med Ron Carroll, men samplinga kjem frå ein annan (kortare) versjon av songen.

Innhald

Medverkande Chris Rea – vokal, gitar, organ, klaverinstrument, synthesizer, slidegitar, produsent Robert Ahwai – gitar Simon Nicol – gitar Eoghan O'Neill – bass Kevin Leach – klaverinstrument Max Middleton – klaverinstrument Annie Whitehead – trombone Dave Mattacks – trommer Adrian Rea – trommer Martin Ditcham – perkusjon David Richards – produsent, lydteknikar Barry Hammond – lydteknikar

Singlar «Stainsby Girls» med «And When She Smiles», «Sunrise», «Dancing Shoes», «September Blue» «Josephine» med «Josephine (Remix)», «Everytime it rains»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Shamrock Diaries» frå , den 16. november 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Chris Rea-album Kategori:Musikkalbum frå 1985 Kategori:Album produserte av David Richards Kategori:Magnet Records-album