Erling Meirik () er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Levanger, som vann både serie- og NM-gull med Rosenborg BK i 1971. I tida 1972-75 aksla han den norske landslagstrøya 13 gongar.

Karriere Klubbspel Meirik hadde spelt for både Sverre og Nessegutten i heimbyen Levanger, før han framom 1970-sesongen melde seg inn i Rosenborg BK. I sin fyrste sesong vart han toppskårar for klubben i eliteserien med sine 5 mål og vann seriesølv med eit ultradefensivt mannskap. Året etter vart han både seriemeister og noregsmeister, Rosenborg sigra med 4-1 over Fredrikstad FK i cupfinalen. Meirik spelte 134 seriekampar og skåra 14 mål for Rosenborg i tida 1970-76.

Landslagsspel Meirik spelte 12 av sine 13 landskampar i 1972 og 1975, då han var fast på høgrebacken til det norske landslaget.

Merittar Seriemeister: 1971 med Rosenborg Noregsmeister: 1971 med Rosenborg Tapande cupfinalist: 1972 og 1973 med Rosenborg

Kjelder

NFF-profil

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Rosenborg-spelarar