Guri Johannessen () var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho var stortingsrepresentant frå Buskerud frå 1957 fram til ho døydde.
Johannessen jobba i unge år som servitør og dreiv på 1930-talet ei kaffistove. Frå 1935 var ho husmor. Ho var medlem av Hol kommunestyre frå 1952 til 1959, dei siste para åra òg av formannskapet. I 1957 vart ho vald inn på Stortinget for første gong, og ho vart gjenvalgt tre gonger, men døydde i løpet av den siste perioden. Dei tre første periodane var ho medlem av sosialkomiteen, den siste av landbrukskomiteen.
Ho var medlem av landsstyret i Arbeidarpartiet frå 1963 til ho døydde.
Kjelder
Terje Nordby (red.): Storting og regjering 1945–1985. Biografier, Kunnskapsforlaget 1985.
Denne artikkelen bygger på «Guri Johannessen» frå , den 19. desember 2015.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Lokalpolitikarar i Hol Kategori:Ap-politikarar i Buskerud Kategori:Folk frå Hol