Bjarne Støtvig () var ein norsk forretningsmann og politikar frå Vestfold. Han representerte partiet Høgre på Stortinget i 1950- og 60-åra.
Støtvig var fødd i Botne som son til ein gardbrukar. Frå 1915 til 1918 var han butikkekspeditør i Larvik. Deretter gjekk han Treiders handelsgymnas i Oslo, der han tok eksamen i 1920 og så reiste tilbake til ekspeditørjobb i Larvik. Åra 1923-27 arbeidde han som kalkulatør i Moss. Etter vel to år som handelsagent med base i Oslo, slo han i 1930 seg ned i Larvik og dreiv eiga klesforretning i byen fram til 1965, da sonen tok over.
I over 18 år, 1945-63, var Støtvig med i bystyret i Larvik, perioden 1954-57 sat han også i formannskapet. Valbolken 1950-53 var han stortingsrepresentant frå dei seks kjøpstadene i Vestfold. Då det ved stortingsvalet hausten 1953 var slutt på eigne bykrinsar, lukkast han ikkje å verte vald frå Vestfold fylke. Derimot vann han eit stortingssete for felleslista Høgre/Bondepartiet og Vestfold i 1957, eit sete han beheldt også etter stortingsvalet i 1961 – denne gongen på ei rein Høgre-liste. I alle tre stortingsperiodane; 1950-53, 1957-61 og 1961-65, var han formann i Administrasjonskomiteen.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Lokalpolitikarar i Larvik Kategori:Folk frå Holmestrand Kategori:Folk frå Larvik