Carl Rolf Brahde () var ein norsk astronom.
Brahde var observator ved Universitetet i Oslo frå 1949 og professor der 1988–1989, mellom anna med ansvar for utbygginga av solobservatoriet på Harestua. Dei viktigaste arbeida hans var innafor astronomisk instrumentering, databehandling og tidvassutrekningar. Brahde publiserte mange populærvitskapelege artiklar, avhandlinger og bøker, mellom anna tabellverket Solas stilling i Norge (1970) som gjev den daglege og årlege rørsla til sola på himmelen for 204 stader i Noreg. Han rekna ut Almanakk for Norge frå 1967 til 1991.
Kjelder
Kategori:Norske astronomar Kategori:Elevar ved Universitetet i Oslo Kategori:Tilsette ved Universitetet i Oslo Kategori:Medlemmar av den norske motstandsrørsla Kategori:Folk frå Tvedestrand