Sadr eller Gamma Cygni (γ Cyg, γ Cygni) er ei stjerne nord i stjernebiletet Svana, som dannar krysset i asterismen av dei fem stjernene kalla Nordkrossen.

Sadr har ein tilsynelatande storleiksklasse på 2,23, og er av dei meir lyssterke stjernene på nattehimmelen. Parallaksemålingar har gjeve eit estimat på avstanden til stjerna på 1800 lysår (560 parsec), med ein feilmargin på 15 %. Spektralklassen til stjerna er F8 Iab, som indikerer at ho er ei superkjempe. Sidan 1943 har spekteret til denne stjerna vore eit stabilt ankerpunkt som andre stjerner vert klassifisert etter.

mini|venstre|IC1318 og naboområdet. Bilete av Erik Larsen. Samanlikna med sola er dette ei enorm stjerne som er 12 gonger solmassen og kring 150 gonger solradien. Ho stråler meir enn 33 000 gonger så mykje energi som sola med ein effektiv temperatur på 6 100 K i den ytre envelopen. Temperaturen gjev stjerna ein gulkvit farge som gjer ho til ei klasse F-stjerne. Massive stjerner som denne brenn kjernebrenselet raskare enn sola, så den estimerte alderen er berre kring 12 millionar år.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gamma Cygni» frå , den 9. juli 2016.

Bakgrunnsstoff Sadr av Jim Kaler. http://www.atlasoftheuniverse.com/nebulae/ic1318.html Astronomi Picture of the Day: Gamma Cygni, NASA, 9. juli 2013

Cygni, Gamma Kategori:Svana Kategori:Superkjemper klasse F Kategori:Stjerner med eigennamn