Julius Yego () er ein kenyansk friidrettsutøvar som deltek i spydkasting. Han sette personleg rekord med 92,72 meter og vart verdsmeister i øvinga under VM i friidrett 2015, som den fyrste frå Afrika. Året etter tok han sølvmedaljen ved Sommar-OL 2016.
Aktiv Yego sigra i spydkast ved afrikaleikane i 2011, ein prestasjon han gjentok i 2019. Perioden 2012-24 vart han fem gongar afrikameister i øvinga. Sommaren 2014 kasta han spydet 83,87 meter og gjekk til topps i samveldeleikane, ein dryg meter lengre enn Keshorn Walcott frå Trinidad og Tobago. Sommarseongen 2015 var Yego i sitt livs form. I slutten av mai månad forbetra han sitt personsbeste til 86,88 meter i Ostrava, før han i løpet av dei neste to vekene auka til fyrst 87,71 m i Roma og så 91,39 meter i Birmingham. I VM-finalen i Beijing den 26. august smelte han i den andre omgangen til med sitt livs lengste spydkast. Spydet landa på 92,72 meter, ei lengde ingen annan var i nærleiken av.
I den olympiske spydfinalen 2016 presterte Yego årsbeste 88,24 m og sikra seg sølvmedaljen, 2 meter bak tyske Thomas Röhler. Etter den tid har Yego som lengst nådd 87,97 m i tevling. I finalen under Sommar-OL 2024 gjorde han med 87,72 m sitt best spydkast på fem år og vart femtemann i tevlinga.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2012 i London: Nr 12 – 77,15 m VM 2013 i Moskva: Nr 4 – 85,40 m VM 2015 i Beijing: Gullmedalje – 92,72 m, framom Ihan Abdelrahman (88,89 m) OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølvmedalje – 88,24 m, bakom Thomas Röhler (90,30 m) VM 2017 i London: Nr 13 – 76,29 m VM 2019 i Doha: Nr 12 – stod over finalen OL i 2021 i Tokyo: Utslått i kvalifiseringa (77,34 m=nr 24) VM 2022 i Eugene: Utslått i kvalifiseringa (79,60 m=nr 14) VM 2023 i Budapest: Utslått i kvalifiseringa (78,42 m=nr 17) OL 2024 i Paris: Nr 5 – 87,72 m VM 2025 i Tokyo: Nr 6 – 85,54 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Julius Yego» frå , den 6. september 2016.
World Athletics
Kategori:Kenyanske friidrettsutøvarar Kategori:Spydkastarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Kenya Kategori:Afrikameistrar i friidrett Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Kenya Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024