«Bullet Train» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest og den andre singelen frå albumet Jugulator i 1997. Han er ein av dei mest populære songane deira med Tim «Ripper» Owens på vokal og er med på konsertalbumet '98 Live Meltdown. Singelen inneheld ei nyinnspeling av songen «Rapid Fire» som opphavleg vart gjeven ut på albumet British Steel. Den andre B-sida var ei nyinnspeling av The Green Manalishi av Fleetwood Mac som bandet hadde spelt inn i 1978. Ein digipak-versjon av singelen frå 1997 har berre med det første sporet. Ein annan singelversjon har med «Bullet Train» og «Blood Stained».

Grammy-nominasjon I 1999 vart songen nominert til Grammyprisen for beste metal-song, men tapte for andre gongen for Metallica og songen deira «Better than You».

Innhald

Medverkande Tim «Ripper» Owens: vokal K.K. Downing: gitar Glenn Tipton: gitar Ian Hill: bass Scott Travis: trommer

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bullet Train (song)» frå , den 21. september 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1997 Kategori:Singlar frå 1998 Kategori:Judas Priest-songar Kategori:Songar skrivne av Glenn Tipton Kategori:Songar skrivne av K.K. Downing