mini|«Buæ» eller «norda stovo» til høgre på bilete, er datert 1601. Den andre delen stod ferdig i 1866. mini|Interiørbilete frå «buæ» med likluke i veggen. mini|Bilete av tunet ca. 1914 Koppen gard er ein gard som ligg på Osterøy i Osterøy kommune.
Koppen er ein gamal gard, rudd før svartedauden. Det er gjort gravfunn frå 900-talet, med bl.a. ei ringspenne av irsk opphav. Etter svartedauden låg garden aude til ca. 1530-talet. På garden finst truleg eit av dei eldste våningshusa på Osterøy. Huset er ei lemstove med to stover. Eldste stova kan vera frå slutten av 1500-talet og den nyaste vart bygd 1862-66.
Garden var tidlegare delt i to, med to våningshus i same tunet. I 1852 fekk begge bruka same eigar og vart slegne saman til eitt i 1923. Framleis finst namn som «Florsbrekkå» og «Smibrekkå» frå denne tida.
Koppen gard har elleve bygningar, som er bygt mellom 1601 og 1914. Bygningane er plassert i inn- og utmark, slik dei var bygt.
Nasjonallabratoriene for datering ved NTNU har ved hjelp av dendrokronologidatering datert eldste delen av gamlahuset til 1601.
Bakgrunnsstoff www.koppengard.no
Kategori:Gardar i Vestland Kategori:Byggverk i Osterøy