Johan Edvind Pettersen () var ein norsk fabrikkarbeidar og politikar frå Sarpsborg. Han representerte Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1931 til -45.
Pettersen var son til ein tomtearbeidar. Sjølv arbeidde han til 1932 ved De Norske Melkefabrikker i Sannesund til 1932. Frå 1938 var han tilsynsassistent i arbeidsinspektoratet.
Pettersen engasjerte seg i politisk arbeid og var medlem i Sarpsborg bystyre frå 1919 til 1940, også medlem i fattigstyret i byen. Etter å ha vore fagforeiningsleiar ved mjølkefabrikken, satt han i representantskapet i Norsk Nærings- og Nydelsesmiddels-arbeiderforbund 1927–46. Frå 1930 til -33 var han landsstyremedlem i Arbeidarpartiet. Han vart vald til stortingsrepresentant hausten 1930 for dei fire byane i Østfold og Drøbak i Akershus, og vart attvald i 1933 og -36. På Stortinget var han 1931-33 og 1937-45 medlem i Administrasjonskomiteen, i den mellomliggande perioden, 1934-36, hadde han plass i Skog- og vassdragskomiteen.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Østfold og Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Lokalpolitikarar i Sarpsborg Kategori:Ap-politikarar i Østfold Kategori:Folk frå Sarpsborg