Super Smash Bros. er eit slåstarspel som er utvikla av HAL Laboratory og utgjeve av Nintendo til spelkonsollen Nintendo 64. Det vart gjeve ut i Japan 21. januar 1999, i Nord-Amerika 26. april 1999 og i Europa 19. november 1999. Super Smash Bros. er det første spelet i Super Smash Bros.-serien. Ein oppfølgjar, Super Smash Bros. Melee, kom ut til Nintendo GameCube i 2001.

Spelet er ein crossover mellom fleire ulike Nintendo-seriar, mellom anna Mario, The Legend of Zelda, Donkey Kong, Metroid, Pokémon, Kirby og Yoshi. Det fekk hovudsakleg positive omtalar frå media og selde 5,55 millionar kopiar verda over.

Referansar

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad for Super Smash Bros.

Kategori:Dataspel frå 1999 Kategori:HAL Laboratory-spel Kategori:Nintendo 64-spel Kategori:Slåstarspel Kategori:Super Smash Bros. Kategori:Virtual Console-spel til Wii Kategori:Virtual Console-spel til Wii U