Jacob Pedersson Lindgaard () var ein norsk målar frå Sandefjord, aktiv i og i kring Vestfold.

Lindgaard var sjølvlærd i målarfaget. Han laga altartavler og utsmykka tolv kyrkjer, mellom dei i Stavern, Tjøme, Tjølling og Mariakyrkja i Tønsberg. Dei religiøse bileta Krossfesting og Himmelfarten i Stavernkyrkja, måla kring 1755, og Kristus i Getsemane frå 1772 i Mariakyrkja er mellom hans beste arbeid. Elles måla han minnebilete av døde personar til å henge opp i kyrkjene. Han portretterte òg mange frå den lokale borgarskapen i litt stive biletformer.

Kjelder Norsk kunstnerleksikon

Bakgrunnsstoff Norsk kunstnerleksikon

Kategori:Norske målarar Kategori:Folk frå Sandefjord Kategori:Målarar frå 1700-talet