__NOTOC__ Olivenkronefamilien er ein biologisk familie av fire artar mellomstore sporvefuglar med utbreiingsområdet i Mellom-Amerika og Sør-Amerika.
Dei fire artane var tidlegare medlemmer av tanagarfamilien, Thraupidae, men frå 2017 er sett inn i sin eigen familie med det vitskaplege namnet Mitrospingidae.
Fjørdraktene til tre av artane er gjennomgåande i olivengrønt til gult, raudnebbtanagar skil seg ut med sin drakt i svart og kvitt. Alle artane er knytt til relativt fuktige og lågtliggande skogshabitat, tepuiolivenkrone opptil 1800 moh. Dette er standfuglar. Dei er klassifiserte som globalt livskraftige, LC, av IUCN. Artslista Olivenkronefamilien i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2019 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Slekt Mitrospingus Maskeolivenkrone, Mitrospingus cassinii, Dusky-faced Tanager, Lawrence, 1861, (LC) Kroppslengde på 18 centimeter, lever langs atlanterhavskysten av Mellom-Amerika sør for Mexico, sør til Colombia og sørover langs stillehavskysten til nordlege delar av Ecuador. Tepuiolivenkrone, Mitrospingus oleagineus, Olive-backed Tanager, Salvin, 1886, (LC) Ca 19 cm i kroppslengd. Lever i et avgrensa tepui-område rundt trestatsgrensa Brasil, Venezuela, Guyana.
Slekt Lamprospiza Raudnebbtanagar, Lamprospiza melanoleuca, Red-billed Pied Tanager, Vieillot, 1817, (LC) Kroppslengde på 17-18 cm, kjenneleg med svart overside, kvit underside og raudt nebb. Stort utbreiingsområde frå austlege Peru tvers over Amazonas av Brasil til nordaustre Brasil og Guyanaregionen.
Slekt Orthogonys Klortanagar, Orthogonys chloricterus, Olive-green Tanager, Vieillot, 1819, (LC) 18-19 cm. Lever nokså kystnært langs atlanterhavskysten av søraustre Brasil, omtrent mellom Rio de Janeiro og sørover til kysten av delstaten Santa Catarina.
Kjelder del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Oppslag på artar i Mitrospingidae, Lynx Edicions, Barcelona. Henta 21. desember 2019 Referansar
Bakgrunnsstoff
kategori:sporvefuglar
kategori:Fuglar i den neotropiske regionen