Runebergstårta (finsk runebergintorttu) er eit bakverk med namn etter den finske nasjonalskalden Johan Ludvig Runeberg. Det blir særleg servert på Runebergsdagen, 5. februar, i Finland.
Runeberg skal sjølv ha sett stor pris på dette bakverket. Kaka blei laga av gjestgjevaren og konditoren Lars Henrik Astenius i Borgå på 1840-talet. I 1865, medan Runeberg framleis var i live, blei ho marknadsført under hans namn ved bakeriet til Fredrik Ekberg i Helsingfors.
Skildring Deigen er laga med kveitmejøl, og inneheld i tillegg gjerne strøbrød eller kakesmular og malen mandel. Nokre stenker kakene med rom og andre med punsj. Kakene kan også ha syltetøyfyll.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Runebergstårta» frå , den 11. januar 2018.
Bakgrunnsstoff Oppskrift ved yle.fi
Kategori:Kaker Kategori:Finsk mat Kategori:Johan Ludvig Runeberg