Vicente Ramón Guerrero Saldaña () var ein av dei leiande revolusjons-generalane under Sjølvstendekrigen i Mexico. Han kjempa for sjølvstende frå Spania og var i 1829 president i Mexico. Guerrero var av afro-mestis opphav og stridde for det meksikanske folk og forbaud slaveri gjennom si korte styringstid. Han kom til makta 1. april 1829 i eit kupp og vart styrta under eit opprør same året den 17. desember. Vel eitt år seinare vart han avretta på ordre frå det reaksjonære statstyret som tok makta etter han.
mini|venstre|Vicente Guerrero på eit måleri frå kring 1865.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vicente Guerrero» frå , den 27. januar 2018.
Kategori:Meksikanske presidentar Kategori:Sjølvstendekrigen i Mexico Kategori:Meksikanske generalar