«He Hit Me (And It Felt Like a Kiss)» er ein song skriven av Gerry Goffin og Carole King for jentegruppa The Crystals med Phil Spector som produsent i 1962. Goffin og King skreiv songen då dei oppdaga at barnevakta deira og songaren Little Eva ofte vart slått av kjærasten sin. Då dei spurte ho om kvifor ho godtok ei slik behandling, svarte Eva at handlingane til kjærasten kom av kjærleiken hans til ho.
Produksjon
Arrangementet til Phil Spector var illevarslande og fleirtydig.
Utgjeving «He Hit Me» vart noko spelt på radio då han først kom ut, men det kom så store protestar mot songen, og mange trudde songen støtta konemishandling. Kort tid etter var songen sjeldan å høyre på radio.
Frank Borzage-filmen Liliom frå 1930 inneheld linja «He hit me and it felt like a kiss» i den siste scenen. Filmen var ikkje ein suksess og ingen tyder på at Goffin eller King hadde sett filmen. Skodespelet som filmen var basert på var grunnlaget for Rodgers og Hammerstein-musikalen Carousel. Det er mogeleg at King og Goffin kjende til filmversjonen av musikalen frå 1956, som inneheld nesten den same linja. King har sjølv sagt at ho var inspirert av ei veninne som hadde sagt ddenne linja.
Carole King sa i det same intervju at ho var lei seg for å ha hatt noko med songen å gjere. Ho hadde sjølv opplevd mishandlign (men ikkje frå Goffin som ho var gift med frå 1959 til 1969).
I popkulturen I 2005 gav bandet Spiritualized ut ein song kalla «She Kissed Me (It Felt Like a Hit)». Saint Etienne-songen «She's the One» siterer tittelen på songen. My Life With the Thrill Kill Kult-songen «Glamour Is a Rocky Road» siterer tittelen på songen. Amy Winehouse omtalte ofte songen som ein av favorittongane og største inspirasjonskjeldene hennar. The Cardigans-songen «And Then You Kissed Me» er ei omtolking av «He Hit Me». Amy Rigby-songen «Dancing with Joey Ramone» listar opp «He Hit Me (and It Felt Like a Kiss)» som ein av songane dei dansar til i draumen hennar. Mad Men brukte songen under rullteksten til ein episode kalla «Mystery Date». Lana Del Rey brukte linja «Hit me and it felt like a kiss» i songen sin «Ultraviolence» frå albumet med same namn i 2014.
Andre versjonar 1982 – The Motels, All Four One 1994 - Hole gav ut ein versjon av songen som B-side til singelen «Softer, Softest». I 1995 spelte bandet songen på MTV Unplugged. 2007 – The Blackeyed Susans, Dedicated to the Ones We Love («She Hit Me (and It Felt Like a Kiss)») 2007 – Grizzly Bear under konsertturneen for albumet Yellow House Ein studioversjon av songen kom ut på EP-en Friend. 2009 – Unwoman, The Keys 2012 – Kramer, The Brill Building (Tzadik Records) song denne songen der kjønnsrollene var snudd. 2013 – Anika, Anika EP Nicole Dollanganger gav ut sin eigen versjon av songen på albumet Ode to Dawn Weiner: Embarrassing Love Songs. Versjonen hennar snur temaet til eit BDSM-tema.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «He Hit Me (and It Felt like a Kiss)» frå , den 23. februar 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1962 Kategori:Singlar frå 1962 Kategori:Songar produserte av Phil Spector Kategori:Philles Records-singlar Kategori:The Crystals-songar Kategori:Songar skrivne av Carole King Kategori:Songar med tekst av Gerry Goffin Kategori:Songar om vald i heimen