Jon Håkon Odd () vart vald som ordførar i Leikanger kommune i 2015. Han bur på Hermansverk, er gift og har tre barn.

Odd er utdanna ved Universitetet i Bergen og jobbar til dagleg med digitalisering av offentlege tenester i Direktoratet for forvaltning og IKT. Odd representerer Arbeidarpartiet.

Jon Håkon Odd har vore hovudtillitsvald i Difi og leiar av Norsk tenestemannslag si avdeling i direktoratet frå 2010 til 2015. Han var leiar i Leikanger Arbeidarparti frå 2011 til 2016.

Bakgrunnsstoff Arbeidarpartiet: Våre representanter Jon Håkon Odd sin profil på LinkedIn.no Porten.no 29.4.2017 Han meiner kommunesenteret bør vere i Leikanger NRK 23.2.2017: Ordførar: «Folk opplever dette som eit tillitsbrot» NRK 22.10.2015: Her låg Jon Håkon medan han vart innsett som ordførar VG 19.2.2017: Leikanger kommune frykter tvangssammenslåing Dagbladet 14.8.2017: Regionreformasjonen

Kategori:Ordførarar i Leikanger Kategori:Ap-ordførarar i Sogn og Fjordane Kategori:Folk frå Leikanger