Butterfly er det andre studioalbumet av det britiske bandet The Hollies i 1967 og det sjuande totalt. Det er òg det siste Hollies-albumet med Graham Nash fram til What Goes Around i 1983. Dette og føregjengarane For Certain Because og Evolution bestod av songar berre skrivne av Allan Clarke, Graham Nash og Tony Hicks.

Albumet vart i hovudsak leia av Nash og han var solovokalisten på fleire songar her enn på tidlegare album.

Som med Evolution, vart ingen av songane på albumet gjevne ut på singel eller EP i Storbritannia. I USA vart «Dear Eloise» gjeven ut på singel, medan «Try It» og «Elevated Observations?» vart gjevne ut som B-sider av «Jennifer Eccles» og «Do The Best You Can». I Canada nådde singelen «Dear Eloise» 36. plassen på singellista.

I 1978 gav Parlophone ut att Butterfly med nytt plateomslag, og igjen i 1999. Dei fleste CD-utgåvene av albumet nyttar det originale albumet.

Innhald

Dear Eloise / King Midas in Reverse (Amerikansk versjon)

Den amerikanske utgåve av Butterfly vart kalla Dear Eloise / King Midas in Reverse og gjeve ut med eit heilt anna plateomslag på Epic Records den 27. november 1967. Det inneheldt singelen «King Midas in Reverse» og songen «Leave Me» frå den britiske utgåva av Evolution, medan songane «Pegasus», «Try It» og «Elevated Observations» vart fjerna.

Innhald

Medverkande Allan Clarke – vokal, munnspel Tony Hicks – sologitar, vokal Graham Nash – rytmegitar, vokal Bobby Elliott – trommer Bernie Calvert – bass, klaverinstrument

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Butterfly (The Hollies album)» frå , den 22. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1967 Kategori:The Hollies-album Kategori:Parlophone-album Kategori:Musikkalbum produserte av Ron Richards Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios