«One of the Survivors» er ein song av det britiske rockebandet The Kinks. Han kom ut i 1973 på konseptalbumet Preservation Act 1 og vart skriven av Ray Davies.

Teksten

«One of the Survivors» handlar om rollefiguren Johnny Thunder, som hadde vore omtalt i den tidlegare songen «Johnny Thunder» på The Kinks Are the Village Green Preservation Society i 1968. Sidan den gongen vert Johnny Thunder no kalla «ein av dei overlevande», men har vorte noko «overvektig, og kinnskjegget byrjar å bli grått».

Songen har òg referansar til mange musikarar frå 1950-åra, som Jerry Lee Lewis, Dion and The Belmonts og Johnny and The Hurricanes, i tillegg til songar som «Hound Dog», «Blue Suede Shoes» og «Great Balls of Fire».

Utgjeving

«One of the Survivors» vart først gjeven ut som singel i Amerika den 20. april 1973 med B-sida «Scrapheap City» (som seinare kom ut på Preservation Act 2). Singelen nådde 108. plassen på singellista. Singelen kom ikkje ut i Storbritannia, men songen vart gjeven ut som B-side på «Sitting in the Midday Sun».

«One of the Survivors» kom òg ut på albumet Preservation Act 1 i juni 1973.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «One of the Survivors» frå , den 24. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:The Kinks-songar Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Songar produserte av Ray Davies Kategori:RCA Records-singlar