Back to the Egg er det sjuande og siste studioalbumet til det britisk-amerikanske bandet Wings, gjeve ut i 1979 på Columbia Records i Amerika og Parlophone i Storbritannia. Paul McCartney var produsent på albumet i lag med Chris Thomas, der McCartney byrja å vri musikken mot moderne trendar som new wave og punk. Albumet vart spelt inn med dei nye Wings-medlemmane Laurence Juber og Steve Holley. Back to the Egg er bygd kring eit laust tema om eit arbeidande band og vart spelt inn i ein særs aktiv periode for bandet med turnering og arbeid med fleire fjernsyns- og filmprosjekt.
Innspelinga av albumet byrja i juni 1978 og varte nesten eitt år. Innspelinga fann stad i Spirit of Ranachan Studios i Skottland, Lympne Castle i Kent og Abbey Road Studios og Replica Studio i London. Det sistnemnde vart bygd av McCartney som ein eksakt kopi av Abbey Road Studio 2, då dette ikkje var tilgjengeleg. Wings vendte attende til Abbey Road i mars 1979 for å fullføre albumet. Dei filma så inn fleire musikkvideoar i Lympne og andre stader, som vart til fjernsynsshowet Back to the Egg.
Back to the Egg fekk negativ kritikk då det kom ut. Sjølv om albumet nådde høgt på listene verda over og selde til platinaplate i USA, vert det rekna som kommersielt mislukka samanlikna med tidlegare Wings-album. Av singlane – «Old Siam, Sir», «Getting Closer» og «Arrow Through Me» – var det berre «Getting Closer» som nådde Topp 20 i Storbritannia eller Amerika. Songen «Rockestra Theme» vart spelt inn med ei rekkje gjestemusikarar frå The Who, Led Zeppelin og Pink Floyd og vann Grammyprisen for beste rockeinstrumental i 1980.
Wings turnerte i Storbritannia for å marknadsføre albumet, men den planlagde verdsturneen enda i januar 1980, då McCartney vart arrestert i Japan for innehaving av marijuana.http://www.dailymail.co.uk/tvshowbiz/article-3103761/Paul-McCartney-reveals-given-marijuana-wants-set-good-example-children.html Gruppa vart oppløyst tidleg året etter. Back to the Egg kom ut på ny i 1993, med bonusspor, og i 2007 for iTunes med singelen «Goodnight Tonight».
Innhald
Medverkande Wings og personell per Benitez.Benitez, pp. 88–94 Rockestra-besetninga i omslaget.
Wings Paul McCartney – solo- og korvokal, bass, akustisk og elektrisk gitar, klaverinstrument, concertina på «Million Miles», piano og cembalo på «Winter Rose» Linda McCartney – klaverinstrument, korvokal Denny Laine – solovokal på «Again and Again and Again», elektrisk og akustisk gitar, korvokal Laurence Juber – elektrisk og akustisk gitar, gitarsynthesizer, bass på «Love Awake» Steve Holley – trommer, perkusjon
Andre medverkande Black Dyke Mills Band – blåsarar på «Love Awake» Dierdre Margary, Harold Margary – boklesing
Rockestra-besetninga på «Rockestra Theme» og «So Glad to See You Here» Denny Laine, Laurence Juber, David Gilmour, Hank Marvin, Pete Townshend – gitar Steve Holly, John Bonham, Kenney Jones – trommer Paul McCartney, John Paul Jones, Ronnie Lane, Bruce Thomas – bass Paul McCartney, Gary Brooker, John Paul Jones – piano Linda McCartney, Tony Ashton – klaverinstrument Speedy Acquaye, Tony Carr, Ray Cooper, Morris Pert – perkusjon Howie Casey, Tony Dorsey, Steve Howard, Thaddeus Richard – blåsarar
Produksjon Paul McCartney og Chris Thomas – produsent Phil McDonald – lydteknikar Mark Vigars – assisterande lydteknikar John Shaw – bilete på framsida Linda McCartney, Paul McCartney – bilete på baksida Hipgnosis – design
Salslister og salstrofé
Vekeslister Liste (1979)PlasseringAustralske Kent Music Report3Den austerrikske albumlista12Den kanadiske RPM-lista2Den nederlandske albumlista11Den franske SNEP-lista11Den italienske FIMI-lista10Den japanske Oricon-lista 7Den newzealandske albumlista9Den norske VG-lista5Den spanske albumlista 7Den svenske albumlista5UK Albums Chart6US Billboard 2008Den vesttyske Media Control-lista16
Årslister Liste (1979)PlasseringDen australske albumlista22Den kanadiske albumlista20Den franske albumlista17Den italienske albumlista37
Salstrofé og salstal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Back to the Egg» frå , den 21. mai 2018. oppgav desse kjeldene:
''
Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Wings-album Kategori:Musikkalbum produserte av Paul McCartney Kategori:Album produserte av Chris Thomas Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios Kategori:Plateomslag av Hipgnosis Kategori:Columbia Records-album Kategori:Parlophone-album