Koranskole i Noreg er ulike institusjonar i Noreg som driv opplæring i islam, typisk utanatlæring av surar (kapittel) frå Koranen. Koranskular er ofte knytte til ein moske. Ein imam eller ein eigen koranskolelærar kan ha ansvar for opplæringa.Kari Vogt. (18. januar 2018). Koranskole. I Store norske leksikon. Henta 4. juni 2019

For muslimar i Noreg kan bruk av koranskole brukast for å gje barna deira kunnskap om islam eller gje dei høve til å «utvikle ein identitet som norske muslimar.»

Konfliktar Gjennom ei kartlegging i 2016 for avisa Utrop fann forskaren Masoud Ebrahimnejad at koranskolar dreiv undervising utan noko statleg oversyn. Same året åtvara leiinga ved ein ungdomsskole i Drammen mot overdriven bruk av koranskole, der nokre elevar var ved skolen fleire gonger i veka og overnatta på internat.

Det finst døme på skuldingar om valdsbruk på koranskolar. I 2009 blei til dømes ein imam i Drammen sikta for vald mot barn i samband med undervisinga.

Familiemedlemmer til Syria-fararar har opplevd at dei blei radikaliserte på koranskole.

Sjå òg Madrasa

Kjelder

Kategori:Islam i Noreg Kategori:Utdanning i Noreg