Bershawn Jackson () er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Miami som vart verdsmeister på 400 meter hekk i 2005 og i tillegg var me å vinne VM-gull i 4 x 400 m stafett både i 2009 og 2011.
Aktiv Jackson sette personleg rekord i 400 meter hekk med tida 47,86 sekundar i eit stemne i Monaco i september 2004. Året etter gjorde han sitt livs beste løp på langhekken då han vann øvinga under VM i friidrett 2005 i Helsinki, klokka inn på 47,30. I den neste verdsmeisterskapen i 2007 rauk han ut i semifinalane, der han tom for krefter snubla i den siste hekken.
Under Sommar-OL 2008 i Beijing tok Jackson bronsen på 400 meter hekk, einast landsmennene Angelo Taylor og Kerron Clement sprang fortare. Også frå VM i Berlin året etter reiste Jackson heim med bronse frå hekkeløpet, etter han slo fjerdemann med 0,03 sekund. I den same meisterskapen sprang han også ein etappe då USA kvalifiserte seg til finalen i 4 x 400 m stafett, men vart vraka frå finalemannskapet som seinare vann ein suveren siger. Under verdsmeisterskapen 2011 derimot fekk Jackson springe den andre etappen på USA sitt vinnarlag på den lange stafetten, VM-tittelen vart sikra med eit halvt sekunds margin til Sør-Afrika sitt mannskap. Dei andre stafettløparane til USA var då Greg Nixon, Angelo Taylor og LaShawn Merritt.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2003 i Paris: Diskvalifisert i forsøket på langhekken VM 2005 i Helsinki: Gullmedalje på langhekken – 47,30, framom James Carter (47,43) VM 2007 i Osaka: Utslått i semifinalane på langhekken (48,95 =nr 10) OL 2008 i Beijing: Bronsemedalje på langhekken – 48,06 VM 2009 i Berlin: Bronsemedalje på langhekken – 48,23 VM 2011 i Daegu: Gullmedalje i 4 x 400 m stafett VM 2013 i Moskva: Utslått i semifinalane på langhekken (braut =nr 23) VM 2015 i Beijing: Utslått i forsøket på langhekken (50,14 =nr 34)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bershawn Jackson» frå , den 20. juli 2018.
World Athletics Track & Field
Kategori:Hekkeløparar frå USA Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008