Sølvi Ann-Karin Ytterstad () er ein norsk lyrikar som er busett i Harstad.
Ytterstad vaks opp i Vestbygda i Lødingen kommune, og heimstaden har vore inspirasjonen til dei fleste av tekstane hennar. Ho har gitt ut seks diktsamlingar, og ho er representert i fleire antologiar. Med unnatak av debutsamlinga i 1991 er alle diktsamlingane gitt ut på eige forlag. Plukke stjerner blei gitt ut som lydbok med musikk av Helge Sveen.
Ytterstad vekslar mellom å skrive på dialekt, bokmål og nynorsk etter det ho meiner passar best.
Dei mest kjente dikta hennar er «Lofotstjerna» og «Fader vår -år 2000».
Utgjevingar 1991 - Hinnøystund nb.no 1998 - Lita i nord, lyrikksamling nb.no 2000 - Havella, lyrikksamling nb.no 2004 - Månekorn, lyrikksamling nb.no 2005 - Plukke stjerner (lydbok) 2013 - Gudskjelovlandet, lyrikksamling
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sølvi Ytterstad» frå , den 5. august 2018.
Bakgrunnsstoff Utgjevingar på oria.no
Kategori:Folk frå Lødingen Kategori:Folk frå Harstad Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Nynorsk i Nord-Noreg