Nils Motsfeldt Magerøy () var ein skulemann frå Ålvundeid på Nordmøre. Han var far til Hallvard Magerøy og bror til Arne Magerøy.
Nils Magerøy tok eksamen ved lærarskulen i Volda i 1906. Dei neste sju åra var han sjølv lærar på den same skulen. Der etter var han lærar i eitt år på Sunnhordland fylkesskule og i fire år på Møre ungdomsskule i Borgund kommune. Frå 1918 til -27 styrte han Oppdal ungdomssskule, og var så lærar 1928-31 på Øystese framhaldsskule. Til sist arbeidde han 1931-48 i folkeskulen og på lærarskulen i Volda.
Saman med broren Arne Magerøy gav han i 1943 ut Gamle visor og kvedor. Seinare skreiv han Leidetråd i Luthers katekisme og han omsette barneboka Sagan hans Hjalta litla (Vesle Hjalti) av Stefán Jónsson til nynorsk frå islandsk.
Nils Magerøy døydde og er gravlagd i Volda.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958
Kategori:Norske skulefolk Kategori:Folk frå Sunndal