A Treasure er eit konsertalbum av den kanadiske musikaren Neil Young, gjeve ut den 14. juni 2011. Albumet inneheld opptak frå den amerikanske turneen hans i 1984 og 1985 med The International Harvesters. Albumet er volum ni i Archives Performance-serien til Young og det sjette som er gjeve ut i serien..
Bakgrunn Turneen som opptaka er henta frå kom etter det Young kallar det første Old Ways, eit album med countrymusikk som plateselskapet nekta å gje ut fordi dei meinte det ikkje var kommersielt nok. På denne tida spelte Young inn plater i mange forskjellige sjangrar. Bandet hans, «International Harvesters», bestod av profesjonelle countrymusikarar frå Nasville, og somme hadde òg spelt (som «The Shocking Pinks») på rockabillyalbumet hans Everybody's Rockin'. Dette albumet inneheld både eldre Young-songar og nyare songar frå Old Ways. Det inneheld fem songar som ikkje var gjevne ut før (spor 1, 5, 8, 11 og 12).
I følgje Young kom platetittelen frå Ben Keith. «Eg hadde ikkje høyrt desse opptaka på 25 å, men då me gravde dei fram sa medprodusenten Ben Keith 'This is a treasure' (dette er ein skatt).»
Innhald
Medverkande Neil Young – gitar, vokal Ben «Long Grain» Keith – pedalsteelgitar, lapslidegitar, stringman, vokal Anthony Crawford – gitar, banjo, vokal Rufus Thibodeaux – fele Spooner Oldham – piano Tim Drummond – bass Karl T. Himmel – trommer Hargus «Pig» Robbins – piano (på spor 10, 11, 12) Joe Allen – bass (på spor 10, 11, 12) Matraca Berg & Tracy Nelson – korvokal (på spor 11)
Salslister Liste (2011) Plassering Den kanadiske albumlista 18 U.S. Billboard 200 29 U.S. Billboard Top Rock Albums 7
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «A Treasure» frå , den 1. mars 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Konsertalbum frå 2011 Kategori:Konsertalbum av Neil Young Kategori:Album produserte av Neil Young Kategori:Album produserte av Ben Keith