Serranía del Perijá, òg kalla Sierra de Perijá, er ei fjellkjede, ei forlenging av den austlege forgreininga av Andes mot vest, lengst nord i Sør-Amerika. Fjellkjeda dannar grenseområdet mellom mellom Colombia og Venezuela, og endar nord mot Guajira-ørkenen. Ho skil Maracaibo-bassenget i Venezuela frå Cesar-Rancharía-bassenget i Colombia.

Skildring Denne fjellkjeda startar i sør nær Ocaña, Colombia, der ho dannar grensa mellom dei colombianske departementa Norte de Santander og Cesar, og nordom Norte de Santander dannar ho den internasjonale grensa mellom Zulia-staten i Venezuela og Cesar i Colombia. Utstrekninga frå Ocaña nordover til der fjellkjeda endar, er over 300 kilometer. Litt meir enn halve arealet av fjellkjeda ligg i Venezuela. Det høgste punktet er Cerro Pintado på 3630 moh., etterfølgt av Cerro de Las Tetas på 3630 moh.

Venezuela har avsett ein monaleg del av området som ein nasjonalpark, Sierra de Perijá nasjonalpark, og Colombia har ein mindre ein. I den venezuelanske delen finn ein område for yucpa-folket og barí-folket, og i Colombia for iroko- og sokorpa-folket.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Serranía del Perijá» frå , den 2. mars 2019.

Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:Colombiansk geografi kategori:Venezuelansk geografi‎