Marguerite Abouet () er ein fransk-ivoriansk teikneserieskapar. Ho er best kjend for den grafiske romanserien Aya.Marguerite Abouet & Clément Oubrerie Biography at Drawn and Quarterly.

Liv Abouet blei fødd i 1971 i Abidjan, hovudstaden i Elfenbeinskysten, og voks opp i Yopougon.http://www.gallimard-jeunesse.fr/Auteur/Marguerite-Abouet Då ho var 12 år flytta ho og bror hennar til Frankrike, der dei budde hjå grandonkelen sin.Zuarino, John, "An Interview with Marguerite Abouet" , Bookslut website (May 2007). Som vaksen busette ho seg i Romainville, ein forstad til Paris, og seinare i Noisy-le-Sec.

Abouet verka som juridisk assistent fram til ho bestemte seg for å satsa på skrivinga på fulltid.Ajayi, Angela. "Drawing on the Universal in Africa: An Interview with Marguerite Abouet", Wild River Review website.

Aya Den grafiske romanen Aya var det første verket til Abouet, illustrert av ektemannen Clément Oubrerie, som heller ikkje hadde laga slike verk før. Abouet var inspirert av Marjane Satrapi sitt verk Persepolis, ein grafisk roman om ein oppvekst i Iran. Ho hadde også eit ønske om å syna fram ei afrikansk forteljing som ikkje berre fokuserte på krig og svolt, slik det var vanleg i media.Review of Aya. Ilyuhen Personane hennar frå Elfenbeinskysten går til skule og arbeid, planlegg framtida og har problem heime, nett som folk andre stader i verda. Abouet bygde på miljøet og personar ho kjende til då ho voks opp, men elles er ikkje forteljinga sjølvbiografisk.

Aya blei ein suksess, særleg for ein debutforfattar. Det første bandet vann førsteprisen for første teikneserie ved den internasjonale teikneseriefestivalen i Angoulême i 2006. Det blei seld i over 200 000 eksemplar i Frankrike. Det kanadiske forlaget Drawn and Quarterly distribuerte ei engelsk utgåve i USA. Dei trykte over 10 000 eksemplar, eit betydeleg tal for ein debutserie i USA. Abouet overtalte også dei franske forleggjarane sine til å selja billigare versjonar med mjuke permar i Elfenbeinskysten. Mellom 2005 og 2010 kom det ut seks band i serien.

I 2011 byrja Abouet og Oubrerie laga ein animasjonsfilm av forteljinga. Han kom ut i 2013, og blei nominert til César-prisen for beste animasjonsfilm året etter."Aya of Yop City (2013)", IMDb.

Marguerite Abouet har vore stemmeskodespelar ved ulike høve. I 2011 gav ho røyst til l'Africaine ('den afrikanske kvinna') i animasjonsfilmen Le Chat du Rabbin av Joann Sfar og Antoine Delesvaux, ein adaptasjon av teikneserien av same namn. I 2013 gav ho røyst til Fanta og mère Mamadou i filmen Aya de Yopougon basert på sin eigen serie.

Verk Med Clément Oubrerie som teiknar: serien Aya de Yopougon, Gallimard: seks band mellom 2005 og 2010. Med Mathieu Sapin som teiknar: serien Akissi, Gallimard: sju band mellom 2010 og 2016, serien ikkje avslutta. Med Agnès Maupré: Délices d'Afrique (kokebok), Alternatives 2012 . Med Singeon: serien Bienvenue, Bayou Gallimard : band 1, 2 og 3 i 2010, 2012 og 2014 Med Catherine Blancard-Parmentier som teiknar: Essi dans la forêt des monstres, Wakatoon 2017 Med Donatien Mary: Commissaire Kouamé, un si joli jardin, Gallimard Bande dessinée, 2017

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Marguerite Abouet» frå , og «Marguerite Abouet» frå den 8. mars 2019.

Kategori:Franske teikneserieskaparar Kategori:Ivorianske forfattarar Kategori:Folk frå Abidjan