Ove Gjerløw Meyer () var ein norsk patriot og embetsmann frå Fredrikshald.
Meyer studerte i København, der han tok både teologisk og juridisk embetseksamen. Han var ein «ivrig patriot» som i 1771 gav ut eit skrift der han kravde at det vart oppretta ein universitet i Noreg. I 1772 skipa han Det norske Selskab København, og var i fleire år formann for selskapet. Frå 1778 var han byfut i Tønsberg og sidan assessor i overhoffretten i Christiania og lagmann i Tønsberg.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958
Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Folk frå Halden