Nicolas Paul «Nic» Jones () er ein engelsk visesongar, gitarist og felespelar som var mest aktiv i åra frå 1964 til 1982. Han spelte inn fem soloalbum og har ofte spelt som gjestearist. Debutalbumet hans kom i 1970, Ballads and Songs.

Han var mykje etterspurt som studiomusikar og spelte på album med artistar som June Tabor, Shirley Collins, Barbara Dickson, Richard Thompson og mange andre.

28. februar 1982 var Jones i ei alvorleg bilulukke. Han køyrde bilen sin inn i ein lastebil som køyrde ut frå eit kryss og fekk store skadar, inkludert ein hjerneskade som gjorde at han ikkje lenger kunne spele gitar like bra som før, og fele kunne han ikkje spele i det heile. Dette enda musikkarrieren hans.Mike Raven: Nic Jones (Living Tradition – May/June 1997).

I 2010 dukka Jones opp på scenen att og song tre songar med eit av dei tidlegare banda sine, Bandoggs.

Diskografi

Studioalbum:

Ballads and Songs (1970) Nic Jones (1971) The Noah's Ark Trap (1977) From the Devil to a Stranger (1978) Penguin Eggs (1980)«Penguin Eggs was voted album of the year by both »Folk Roots" and Melody Maker magazines.

Konsertalbum:

In Search of Nic Jones (1998) Unearthed (2001) Game Set Match (2006)

Med The Halliard

It's The Irish in Me – The Halliard (1967) The Halliard and Jon Raven (1967) Broadside Songs (2005) The Last Goodnight! (2005)

Med Bandoggs

Bandoggs (1978)

Med Maddy Prior og June Tabor

Silly Sisters (1976)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nic Jones» frå , den 20. april 2019. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Nic Jones (offisiell nettstad)

Kategori:Engelske visesongarar Kategori:Engelske folkegitaristar Kategori:Engelske gitaristar Kategori:Fingerspelgitaristar Kategori:Engelske folkemusikarar Kategori:Engelske felespelarar Kategori:Folk frå Orpington Kategori:The Albion Band-medlemmar