Marharyta Mikalajeuna Turava, kjend som Ryta Turava, () er ein kviterussisk tidlegare kappgjengar frå Vitebsk som i 2006 vart europameister på 20 km, året etter ho vann VM-sølv på distansen.

Aktiv Turava fekk sitt gjennombrot då ho under Sommar-OL 2004 i Aten gjekk inn til fjerdeplass, 14 sekundar attom bronsevinnaren. Året etter vann ho sølvmedaljen på distansen i verdsmeisterskapen i Helsinki. Våren 2006 vann ho i spanske La Coruna ei tevling i verdscupen i kappgang på den gode tida 1.26.27. Ved europameisterskapen i Göteborg seinare i 2006 gjekk Turava i mål til ein ein suveren siger, bort i halvtanna minutt føre dei to andre medaljevinnarane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2004 i Aten: Nr 4 – 1.29.39 VM 2005 i Helsinki: Sølvmedalje – 1.27.05, bakom Olimpiada Ivanova (1.25.41) EM 2006 i Göteborg: Gullmedalje – 1.27.08, framom Olga Kaniskina (1.28.35) OL 2008 i Beijing: Nr 10 – 1.28.06

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ryta Turawa» frå , den 13. juni 2019.

World Athletics

Kategori:Belarusiske kappgjengarar Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008