Heli Maarit Koivula () er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar frå Kauhajoki i Österbotten som vann EM-sølv i tresteghopp i 2002.
Aktiv Koivula vart finsk meister i lengdehopp fem gongar; 1995, 1996, 1998, 2002, 2004, og sju gongar i tresteghopp; 1996, 1998, 2000–04. Ho deltok i både Sommar-OL 1996, Friidretts-VM 1997 og Friidretts-EM 1998, utan å ta seg til finale i nokon av øvingane.
Ved verdsmeisterskapen i Edmonton i 2001 enda Koivula på femteplass i trestegtevlinga. Under europameisterskapen 2002 i München smekka ho til med 14,83 m i den fyrste finaleomgangen, hjelpt av 2,2 sekundmeter medvind. Med det hoppet leia ho tevlinga til den sjette og siste omgangen, då Ashia Hansen frå Storbritannia landa på 15 meter jamnt, også ho hjelpt av medvind.
Den 3. august 2003 i Lappeenranta sette Koivula finsk rekord i tresteghopp med 14,39 meter, ein rekord som framleis gjeld (2019). Tre veker seinare landa ho 14,10 meter i VM-kvalifiseringa i Paris/Saint-Denis, i ei uvanleg sterk tevling heldt det ikkje til finaleplass. I estiske Tallinn flytta Koivula den finske lengderekorden til 6,65 meter. Ein månad etter deltok ho sommarleikane i Aten, utan å nå finalen i korkje tresteg eller i lengdehopp.
Medalje og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1995 i Göteborg: Nr 6 i 4 x 100 meter stafett OL 1996 i Atlanta: Utslått i kvalifiseringa i lengde (0) og tresteg (13,25 m =nr 24) VM 1997 i Aten: Utslått i kvalifiseringa i lengde (6,57 m =nr 13) og tresteg (13,85 m =nr 19) EM 1998 i Budapest: Utslått i kvalifiseringa i lengde (6,23 m =nr 23) og tresteg (13,75 m =nr 21) VM 1999 i Sevilla: Utslått i kvalifiseringa i tresteghopp (13,33 m =nr 23) VM 2001 i Edmonton: Nr 5 i tresteghopp – 14,28 m EM 2002 i München: Sølvmedalje i tresteghopp – 14,83 m, bakom Ashia Hansen (15,00 m) VM 2003 i Paris: Utslått i kvalifiseringa i tresteghopp (14,10 m =nr 15) OL 2004 i Aten: Utslått i kvalifiseringa i lengde (6,50 m =nr 16) og tresteg (13,98 m =nr 23)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Heli Koivula Kruger» frå , den 13. juni 2019.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Finske tresteghopparar Kategori:Finske lengdehopparar Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004