mini|Strie Strie (norrønt strigi) er eit grovt lerretsstoff laga av lin, jute eller hamp. Det finst i ulike kvalitetar, frå grov og kraftig sekkestrie av jutegarn, til skreddarstrie laga av hårgarn.

Ein kan mellom anna laga sekkar og tapet av strie. Tidlegare var det også vanleg å laga skjorter av stoffet, noko som er kjend frå uttrykket «striskjorte og havrelefse» om kvardagstida.

Kjelder

Kategori:Vovne stoff Kategori:Jute