Valdemar den unge () var dansk medkonge i åra 1215–1231.

Han var det einaste barnet til Valdemar Sejr] og dronning Dagmar. Allereie då han var seks år gammal tok faren han som medkonge. I 1218 blei han også krona i Slesvig.Valdemar den Unge, Salmonsens konversationsleksikon. Besøkt 2. mai 2016Kryger, Karin et al.: Danske kongegrave I, Museum Tusculanums Forlag, 2014, s. 304

Under ei jakt på Lyø i Sydfynske Øhav, blei Valdemar og faren tekne til fange av grev Henrik av Schwerin (ca. 1155–1228). Tre år seinare blei dei sleppte fri.

I 1229 gifta Valdemar seg med den portugisiske kongsdottera Eleonore, ei brordotter av Valdemar Sejr si anndre kone Berengária. Eleonore døydde i barselseng allereie i 1231, og barnet deira blei berre eit halvt år gammalt. Sjølv døydde Valdemar av eit vådeskot under ei jakt på Refsnæs i 1231. Forfatter, filolog og prest Laurids Olufsen Kock (ca. 1634–1691) skreiv visa «Jagten paa Refsnæs» til minne om hendinga.Kock, Laur. Olufsen, Dansk biografisk Lexikon. Besøkt 2. mai 2016

Paret er gravlagd i St. Bendts kirke i Ringsted på Sjælland.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Valdemar den unge» frå , den 19. desember 2019.

Bakgrunnsstoff Valdemar III den unge, gravsted.dk. Besøkt 2. mai2016

Kategori:Danske prinsar Kategori:Danske monarkar