DS «Ursa» (kallesignal MGRC - LFET) var eit dampskip bygt i 1911 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).
Historie Skipet vart bygd ved Bergen Mekaniske Verksted i Bergen og kosta 239 741 kr då det vart levert i juni 1911.
I 1917, under første verdskrigen, vart skipet rekvirert av Shipping Controller i Storbritannia og Temple, Thomson & Clark tok over som operatør. Det vart levert attende til BDS i 1919.
I 1940 vart det sett inn kjølerom i stor- og akterrom, men alt same året braut det ut brann i storrommet medan skipet var i København. Skipet vart reparert i Helsingør.
I november 1948 vart skipet selt til Ole T. Flakke i Kristiansund og fekk namnet «Rensvik». Skipet vart selt vidare til Willy Bruns i Leer i Vest-Tyskland i mars 1957 og fekk då namnet «Leerort». I 1960 vart skipet selt til Belgia for opphogging.
Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 945 brt, 635 nrt og lasteevna var 1430 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1751 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Bergen Mekaniske Verksted. Oppgjeven yting var 552 iHk (indikerte hestekrefter) og 106 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9 knop.
I 1930 fekk skipet straumlinjeror og i 1939 vart det sett inn radio og peileapparat.
Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjelder
Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Bergen Mekaniske Verksted Kategori:Skip frå 1911 Kategori:Skip sluttsegla i 1960